Byrknesøy

Byrknesøy

Byrknesøy er ei øy om lag 8 mil nord for Bergen, i Gulen kommune i Vestland fylke. Byrknes ligg på vestsida av øya. Her er det hamn godt verna bak to moloar, butikk, barnehage og skule. Byrknes er ein av skulekrinsane med barne- og ungdomsskulen Byrknes skule i Gulen kommune.


Heile området vest for Byrknesøy er mykje brukt til sportsfiske og kajakkpadling. Det er rikeleg med fisk og skaldyr og det er høve for havfiske ved Holmengrå fyr, som ligg ute i havet rett vest for Byrknesøy.


Landskapet på Byrknesøy er eit typisk vestlands lyngheilandskap. Det høgaste fjellet ligg midt på øya (Veten - 194 moh.) og på ein klår dag kan ein frå her sjå Troll-plattforma som ligg om lag 70 km vest i havet.

Av dyreliv finst det mengder av forskjellig sjøfugl og ein del havørnniser, havoter og ein og annan småkval. Det er òg ein del hjort og orrfugl på Byrknesøy.







Bli med - langt vest i havet


Med felles park, leikeplass, holmar og hav rett utanfor stoveglasset, får du naturen tett på kvardagen ytterst i

Gulen. Det tar om lag 30 minutt frå Sløvåg, og 1 time og 30 minutt frå Knarvik til Byrknesøy.