Spørsmål og svar
-
Kva leiligheter er til salgs?
Bygg A: 102 og 103.
Bygg B: 101, 103, 104, 105, 201, 202, 203, 204, 205, 302, 303
-
Eigarform
Sjølveigar/sameige
-
Ferdigstilling bygg A
Byggeprosessen er berekna til å ta ca. 18 månader pluss tid til detaljprosjektering, offentleg godkjenning og søknad om igangsetting. Bygg A var innflyttingsklart i juni 2024.
-
Ferdigstilling bygg B
Byggeprosessen er berekna til å ta ca. 18 månader pluss tid til detaljprosjektering, offentleg godkjenning og søknad om igangsetting. Antatt ferdigstillling for prosjektet vil vera i tidsrommet haust 2025. Utbyggjar tek atterhald om ein oppnår eit tilstrekkeleg førehandssal av leilighetene.
Seks leiligheter er reservert. For å starte byggjeprosessen treng vi åtte reservasjoner.
-
Energimerking
Leileghetene vil få energikarakter B
-
Adgang til utleige
Leilegheitene er sjølveigande og kan fritt leigast ut/leigast i samsvar med eventuelle føresegn i vedtektene til sameige.
-
Prisar
Prisliste ligg her på nettsida under dokument - kjøpstilbud. Seljar står fritt til når som helst, og utan forutgåande varsel, endre prisane på uselde einingar.
-
Visning
Ta kontakt for ein uforplikta samtale og visning. Vi kan gjerne vise deg leiligheter i bygg A, enten du er interresert i bygg A eller bygg B. Då er det lettare å sjå for seg korleis sluttproduktet vert.
Visning etter avtale med seljar.
-
Betalingsføresetnader
Innan 3 veker frå signering av kjøpekontrakt, skal 10% av kjøpesummen vere innbetalt
-
Garasjeplass
Kvar leilighet får ein garasjeplass med på kjøpet. Bebuarane kan kjøpe ekstra garasjeplass.
-
Ledige garasjeplassar
Ledige garasjeplassar er til salgs. Eksterne interessenter kan kjøpe garasjeplass, dersom bebuarane ikkje ønskjer å kjøpe fleire plassar.
-
Fritidsbustad
Ønskjer du ein fritidsbustad der du kan finne roen ved havet? Her kan du nyte all komfort ein ny bustad kan gje, med deilige fridagar utan vedlikehaldsarbeid.
Ta deg ein fisketur i fritidsbåten, ein dukkert i havet eller late dagar på sandstranda i Tausevika.
Kva med å avslutte turen over Byrknesfjellet med ein dukkert i Siletjønna?